Tuesday, December 26, 2006

Syng, Dovre

Så pen ein bånsull syng ingor mor
som du syng, Dovre, du kvite kor!
Tindain dine og vindain dine
tona` stilt ifrå aille leiom,
sjogen driv over tome veigjom,
ljose minne frå båndoms tid
syng på fjeillmål i sjæle mi.

Eg er trøytt, og nå vil eg såvå lengje.
Eg vil heim, og svive på mjuke vengje.
Syng, Dovre, syng meg utu myrke blindom,
nå vårast landet kringum Svånåtindom!

Og um eg drogst imot fræmondt fjeill,
så va dæ Dovre som fækk meg leill.
Bygdin dine og dygdin dine
tona` stilt inni logne dalom,
sjogen driv innved gamle svalom.
Ljose minne frå båndoms tid
syng på fjeillmål i sjæle mi.
(1970, "Evig unge Dovre" 1993, korr.)

No comments: